Gå videre til innhold

Pressemelding -

Einar Økland ute med ny, vital diktsamling; "Rosemalte selfies - og omvendt"

I Einar Øklands nye diktbok får du mellom anna servert lyriske hermer, gåter, ordtøke, kvad, stev og prosaiske notisar. Desse tekstane kan brukast til seriøs ut- eller innvortes sjølvmedisinering eller som sjølvforsvar.

Det er nokon som ropar: Paddene

som kjem ut or munnen

er blitt verneverdige nå, og munnen

kan berre dra til helsike.

Men korleis kom paddene først

inn i munnen?

Pass du di eiga padde!

Du høyrer at det er du som ropar

og held deg for øyro,

for å verne om padda.

Einar Økland (f. 1940) er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur. Han har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare 80 bøker innafor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje prisar, m.a. Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006 og Brages Ærespris i 2015.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO