Gå videre til innhold
Foto: Tom A. Kolstad
Foto: Tom A. Kolstad

Pressemelding -

Eksklusiv digital samtale med Jon Fosse om storverket Septologien

Kl 20 den 9. mai (2 pm NY-tid) kan du oppleve Jon Fosse i ein eksklusiv live-samtale med sin amerikanske omsetjar Damion Searls og kritikar og skribent Dustin Illingworth, om første band av Septologien, Det andre namnet I-II. Den anerkjende bokhandelen Community Bookstore i Brooklyn, N.Y. er arrangør. Her kan ein delta på arr: https://www.crowdcast.io/e/jon-fosse/register

No får lesarane ein sjeldan moglegheit til å sjå og høyre Fosse snakke om boka. Forfattaren stiller så godt som aldri på litterære arrangement. 

Første band av storverket Septologien var blant dei Bookerpris-nominerte og har fått svært sterke meldinga verda rundt. Septologien vart lansert internasjonalt på bokmessa i Frankfurt i oktober i fjor, der Fosse er eit av hovudnamna.

Boka er selt til fjorten språk. Winje Agency handterar salet av Fosses bøker i utlandet

Både norske og utanlandske bokmeldarar tok svært godt imot første band av storverket og sa mellom anna; "Når siste ord er lest, får jeg lyst til å lese boken en gang til", "Terningkast sju: Fosse i full fyr.", "Mesterlig fra Jon Fosse", "En herlig fest uten punktum!".

Septologien er eit suggererande og storslått romanverk om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men òg om kva det vil seie å vere i livet. Verket er sett saman av dei tre bøkene Det andre namnet, Eg er ein annan og Eit nytt namn, og dei to neste bøkene vert gitt ut no til hausten og i 2021. Verket fekk tittelen fordi det naturleg deler seg i sju.

Facebook-side for arr: https://www.facebook.com/events/2867227893395592/

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO