Gå videre til innhold
Foto: Emma Sukalic
Foto: Emma Sukalic

Pressemelding -

Ellen Løvhaug Harrisons debuterer med boka "Søv berre når du søv"; eit ømt og stilsikkert portrett av ein far.

Ei dotter sit i Noreg og ser på filmopptak av ein far og ei tid i USA ho knapt kan hugse. I heimefilmane ser ho eit skjær av det livet faren såg for seg då mora, storesystera, ho og han var ein familie.

Dikta forsøker å halde fast på ein person, på tvers av grenser mellom død, liv, hav og tid. Det er ei familiehistorie som ikkje forsøker å forstå kvifor ting vart som dei vart, men som ser etter varmen og nærleiken i slik det var.

Søv berre når du søv er ei moden debutbok om å mane fram eit minne ein kan sakne, og gjennom det verte kjend med og verne om kjærleiken til ein far.

Ellen Løvhaug Harrison (f. 1994) er frå Lofoten. Ho er utdanna ved Skrivekunstakademiet og studerer litteraturvitskap i Bergen. Søv berre når du søv er den første boka hennar

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Lovhaug_Harrison_Ellen_5bafa1d7-db7d-43da-9dc0-e8159d0f4329
    Lovhaug_Harrison_Ellen_5bafa1d7-db7d-43da-9dc0-e8159d0f4329
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4619 x 3308, 719 KB
    Last ned