Gå videre til innhold
Endre Tveit debuterer med "Blø meg sakte ut" – ei diktsamling om einsemd i mørker og lys

Pressemelding -

Endre Tveit debuterer med "Blø meg sakte ut" – ei diktsamling om einsemd i mørker og lys

Blø meg sakte ut skriv fram eit eg som ikkje lenger kjenner seg i kontakt med verda rundt seg. Faren døydde nyleg, og mora har gått inn i ein sorgprosess som kjennest kvelande og framand.

Forteljaren grundar over kjenslene rundt tapet og søkjer nærleik i nye stader og nye ting for å erstatte den manglande morsfiguren. Byen står som ramme rundt forteljinga, som noko både kjend og ukjend.

Samlinga rører ved emne som depresjon, angst, framandgjering og avmakt, men rettar òg blikket mot empati, menneskeleggjering og ein liten kjerne av von.

Endre Tveit (f. 1990) er frå Holmefjord i Bjørnafjorden kommune og er tilsett som konsulent på kyrkjekontoret i Fusa sokn. Frå 2013 til 2014 studerte han ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Blø meg sakte ut er forfattaren si fyrste diktsamling.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Ragnhild Akselberg Tonheim

Informasjonskonsulent 90124325

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO