Gå videre til innhold

Pressemelding -

Erotiske fantasiar, gotisk klassikar av Shirley Jackson, det japansk stjerneskotet Emi Yagi og praktbok frå Herborg Kråkevik på Samlagets vårliste

Odd Nordstoga, Brynjulf Jung Tjønn og Selma Lønning Aarø er blant forfattarane som bidreg i Samlagets erotiske satsing Attrå som kjem ut på den internasjonale onanidagen 7. mai.

Det japanske stjerneskotet Emi Yagi er klar med Dagbok frå eit tomrom 27. februar. Omsett av Ingvild Kjærstein.

Den gotiske klassikaren Vi har alltid budd på slottet av Shirley Jackson kjem endeleg på norsk 19. mars, omsett av Laura Djupvik.

Hver gang vi møtes-aktuelle Herborg Kråkevik har kopla klassiske kunstverk og norske songskattar i praktverket Vi vandrar saman. Gjennom song og bilete som vert lansert på Nasjonalmuseet 5. mars.

Njord V. Svendsen har skrive historia om Bruce og Svenne i boka Lausunge. Lappjævel. Ei kjærleikshistorie som vert lansert 5. mars.

I Visste du at?-serien for barn kjem det i mai bøker om både Erling Braut Haaland, Antonio Nusa og Martin Ødegaard. Martin Taraldsen står bak alle tre bøkene.

Meir om desse bøkene og alle dei andre, med lanseringsdatoar, her:

https://samlaget.no/collection...

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter