Gå videre til innhold
Fabelaktige kritikkar til Tore Kvævens roman "Når landet mørknar"

Pressemelding -

Fabelaktige kritikkar til Tore Kvævens roman "Når landet mørknar"

Tore Kvævens episke roman frå Grønland på slutten av 1200-talet, Når landet mørknar, har fått seksar på terningane og fabelaktige meldingar.

 

Mesterlig norsk roman! Tore Kvævens nye historiske roman om menneskene i middelalderen er så mesterlig og makeløst skildret at VGs anmelder måtte lese noen kapitler flere ganger.

Tom Egeland, VG

... ein stor forfattar i ein sjanger som er heller sjeldan i vår tid. ... Det gjekk ikkje lang tid før eg vart fanga. 

Emil Otto Syvertsen, Fædrelandsvennen

Terning 5

... en imponerende dannelsesroman fra vikingtida. ... bunnsolid innsikt i vikingkulturen; fra detaljer om mat, skikker og klær til vikingenes mentalitetshistorie, æres- og hevnkulturen.

Cathrine Krøger, Dagbladet

Året er 1293. Den unge guten Arnar Vilhjalmson ror i si første kvalrossjakt. Etter jakta står der ei jente framfor han. Ho kastar eit blikk på dyret han har felt. Blikket hennar er trassig, og orda er hånande. Etterpå snur ho seg og spring, utan å sjå seg tilbake. Ho heiter Eir.

I den norrøne Vesterbygda på Grønland har ei uro snike seg inn. Kvalrossen som gjorde folket her rike, har trekt seg unna. Skipa som segla hit frå Noreg og Island for å drive handel, er sjeldnare å sjå. Grønlendingane sine eigne farkostar er i forfall. Menneska spør seg: Er dette dei siste tider?

Arnar drøymer om ein dag å byggje seg eit skip og segle mot landa i vest, der tømmer og jern og trua på framtida finst. Og i den draumen finst Eir. I jakta på framtida er Arnar villig til å trasse både sin eigen høvding, sine eigne gudar og lovene i landet.

Tore Kvæven (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO