Gå videre til innhold
Filmrettane for "Til jord skal du bli" av Anders Totland er selde til Paradox film

Pressemelding -

Filmrettane for "Til jord skal du bli" av Anders Totland er selde til Paradox film

Romanen som nylig kom ut handlar om den pensjonerte presten Jacob Juul som i løpet av få dagar blir enkemann, bestefar og mordar.

Produsent Finn Gjerdrum i Paradox er svært nøgd med rettigheitskjøpet:

-Då eg begynte å lese Til jord skal du bli vart eg umiddelbart gripen av det drivande tempoet, karakteren, humoren og ikkje minst av universet. Her er det ein film, tenkte eg, og den vil eg gjerne lage. Og eg var ikkje mindre overbevist da eg kom til slutten, som er rørande og stemningsfull.»

Forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog er ikkje overraska over at filmrettane er selde;

-Den spritbrennande presten Jacob Juul er som ein Clint Eastwood-karakter med hagle og prestekappe. Til jord skal du bli er ei herlig skakk, underhaldande og spanande fortelling. Denne romanen bed om å bli filmatisert!»

Forfattaren sjølv, Anders Totland, blir med vidare som manusforfattar;

"For meg er dette ein draum som går i oppfylling. Å sjå ei historie som eg har skrive, bli spelt ut på eit stort lerret, er nesten litt uverkeleg. Eg gler meg heilt grenselaust til å ta fatt på arbeidet vidare , og har stor tru på at Paradox og Finn Gjerdrum er dei aller beste samarbeidspartnarne til å lage en film av min bok».

Northern Stories ved Astrid Dalaker er agenturet til Totland. I tillegg til salet av filmrettane, melder dei at det første utanlandssalet av boka er klart; til forlaget Straarup & co i Danmark.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO