Gå videre til innhold
Finnegans Wake på norsk

Pressemelding -

Finnegans Wake på norsk

Eit av litteraturhistorias mest særeigne verk, James Joyces Finnegans Wake kjem på norsk, på Samlaget. Leif Høghaug står bak det ambisiøse ometjararbeidet.

Finnegans Wake kom ut i 1939 og blir framleis rekna som eit av dei mest særeigne verka frå det 20. hundreåret. Det blei James Joyces siste verk, han brukte 17 år på det, og han rekna det sjølv som hovudverket sitt. Finnegans Wake er skrive på engelsk, men tar opp i seg 60 andre språk, og verket kan seiast å basere seg på ein draumelogikk: den motsett seg alle former for tradisjonelle forteljarmåter, og lar språket, eksperimenta, draumane og humoren styre. Med meisterleg språkføring, med vakre passasjar og med stor humor viser Joyces draum fram bibelhistoria, Irlands historie, verdshistoria og litteraturhistoria på ein måte vi aldri har sett maken til.

Høghaug legg vekt på at det i den norske språkhistoria og språksituasjonen ligg til rette for ei omsetjing av Finnegans Wake. I eit intervju med Morgenbladet seier han dette om måten han nærmar seg verket:

- Løysinga ligg i mylderet vi har av dialekter, nynorsk, riksmål og bokmål, og alt dette som støytar saman i ein kakofoni. Min spissformulerte påstand er at dette språket er der allereie. I Noreg har det vore eit frislepp på språket som har skapt ein interessant litterær situasjon. Perfekt for å omsetje Finnegans Wake.

Forlagssjef Håkon Kolmannskog i Samlaget kommenterer:

-Vi gler oss verkeleg til å gi ut Finnegans Wake. Dette er eit unikt verk som utvidar forståinga for kva språk og litteratur kan vere. Verkets 60 ulike språk og dialektar og mange referansar til norsk litteratur gjer det naturleg at boka får eit nynorsk grunnlag. Nynorskens utgangspunkt i dialektar og folkelege seiemåtar legger godt til rette for at dette ”uomsetjelege” verket blir godt ivaretatt også i norsk omsetjing».

Allereie neste veke er det muleg å lese opninga av romanen på norsk i det siste nummeret av Vinduet.

Følg omsetjarprosessen på Facebook-sida Finnegans Wake på norsk

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Relatert materiale