Gå videre til innhold
Førstemamma på Mars - Biletbok om mamma som er sjuk

Pressemelding -

Førstemamma på Mars - Biletbok om mamma som er sjuk

Førstemamma på Mars er forteljinga om ei lita jente som nektar å innsjå at mora er på sjukehus. I fantasien lagar ho mange mulege versjonar av kvar mor har tatt vegen. Kanskje er ho på handletur? På røvarjakt? Eller rett og slett på Mars?

Førstemamma på Mars er i tekst og bilete ei eksplosiv og sår forteljing om sjukdom i den næraste familien.

Axe Øvsteng har tatt utgangspunkt i eigne erfaringar då ho skreiv boka:

- For to år sidan blei eg alvorleg sjuk. Sonen min var da seks år, dotter mi ni  månader. Vi blei kasta inn i noko nytt og stort som måtte levast med og snakkast om. Eg gjekk inn i barnebokskogen for å leite etter ei bok som kunne hjelpe oss inn i samtalen og det nye livet. Da eg ikkje fann det eg leitte
etter, bestemte eg meg for å skrive denne boka. 

- Det kan vera vanskeleg å snakke med barn om sjukdom og død. Initiativet til ei slik samtale bør helst koma frå barnet, men å finne det riktige vokabularet for slikt er ikkje lett: Eg håper boka mi kan gjeva ein inngang til slike samtaler. Boka handlar likevel ikkje mest om sjukdom: Ho handlar om korleis eit barn kan handtere ein vanskeleg  situasjon ved å gjera det barn kan best - legge ut på fantasireiser. Eg trur vi ofte ventar at barnet skal reagere på sorg og frykt på ein "vaksen" måte. Barnet treng å få anerkjenning for at slik dei er og det dei gjer ikkje er feil.  Alt er lov!  Og det treng også vi vaksne å forstå.

 Gyrid Axe Øvsteng (f. 1974) er forfattar og dramatikar frå Vågå. Ho debuterte skjønnlitterært med biletboka Finn! i 2009. Øvsteng er busett i Skien.

Per Ragnar Møkleby er illustratør og grafikar frå Lørenskog, busett i Skien. Møkleby er utdanna ved Kingston University i London og har illustrert bøker, aviser og blad for alle dei store
forlaga sidan 1998.


 Lanseringsfest for Førstemamma på Mars den 6. september klokka 19.30 på Spriten Kunsthall i Skien. Opplesing, boksal, bobler, fingermat og fest. 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO