Gå videre til innhold
Forfattar Jan Roar Leikvoll er død

Pressemelding -

Forfattar Jan Roar Leikvoll er død

Det var med stor sorg vi i Samlaget fekk melding om at Jan Roar Leikvoll har gått bort. Det skjedde brått og uventa. Dødsårsaka er ikkje kjend enno, men Leikvoll var open om at han levde store delar av livet med ein hjernesvulst som aldri vart borte.
 
Leikvoll var frå Frekhaug i Nordhordland og gjekk på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han debuterte på Det Norske Samlaget i 2008 med den kritikarroste romanen Eit vintereventyr. Romanane Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013) stadfesta han som ei av dei sterkaste og mest særprega stemmane i ny norsk litteratur.
 
Bøkene til Leikvoll er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samstundes vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene for menneskeleg erfaring blir portrettert med nådelaus realisme.
 
For romanen Fiolinane fekk Leikvoll Nynorsk litteraturpris og same bok blei nominert til Kritikerprisen og Ungdommens kritikerpris. I 2010 blei han tildelt Sigmund Skard-stipendet og Bjørnsonstipendet.
 
For dei tre første romanane mottok han i 2013 både Bokhandelens forfattarstipend og den prestisjetunge prisen Stig Sæterbakkens minnepris. Juryen for sistnemnde pris uttalte: «Hans foreløpige forfatterskap er et av de mest gjennomførte og unike prosjektene i norsk samtidslitteratur.»
 
Den store, stillferdige mannen, som skreiv så omsynslaust, men samstundes hjarteskjerande vakkert om livet sjølv, har gått bort. Jan Roar Leikvoll vil bli djupt sakna.

Emner

Tags


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Relatert materiale

Welcome to Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO