Skip to main content

Formidlingsekspert Åsmund H. Eikenes med siste nytt innan kreftforsking

Pressemelding   •   okt 20, 2020 10:31 CEST

Åsmund Husabø Eikenes har ein doktorgrad frå Senter for kreftbiomedisin ved UiO og har arbeidd med å kartlegge kontrollsystem for celledeling. Foto: Tove Breistein.

Ny kunnskap om kreft gir eit heilskapsbilete av det banebrytande arbeidet som gjerast innan forsking på kreftbehandling.

Er det mogeleg å løyse «kreftgåta»? Kva seier eigentleg forskinga om påstandar som at kreft er uflaks, at ein gentest kan avsløre kreft, at alle bør få immunterapi, og at kunstig intelligens skal revolusjonere kreftbehandlinga? Dagens kunnskap om biologi opnar til dømes opp for at pasientar med ulik kreftsjukdom kan behandlast med same legemiddel. I boka set fleire fagpersonar spørsmål ved om norske reglar her avgrensar for mykje.

Ein av tre personar får kreft i løpet av livet. Vi høyrer ofte historier om tap, sorg og livet etterpå. Men kreftbehandlinga er i rivande utvikling, og stadig fleire av oss overlever på grunn av forsking og ny kunnskap om kreft. Dette er ei historie om forsking, fortalt via intervju med legar, forskarar og pasientar.

– Denne boken gir deg innsikt i, og forståelse for, de største oppdagelsene innenfor kreftforskning. Boken gjør kompleks kreftforskning tilgjengelig for folk flest. Derfor er vi i Kreftforeningen glade for å kunne stille oss bak denne boken. Vi mener den er viktig for alle, seier Ingrid Stenstadvold Ross, generalsekretær i Kreftforeningen, om Ny kunnskap om kreft.

Åsmund Husabø Eikenes (f. 1986) er kreftforskar og forskingsjournalist, kjem frå Leikanger i Sogn og bur i Oslo. Han har doktorgrad frå Senter for kreftbiomedisin ved Universitetet i Oslo og har arbeidd med å kartlegge kontrollsystem for celledeling. Eikenes har tidlegare gitt ut HandbokaSprut og romanen Håkon.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.