Gå videre til innhold
«Havørna» er skriven av journalist og forfattar Gunnar Myklebust, med ornitolog Alv Ottar Folkestad og fotograf Roger Engvik som sentrale bidragsytarar.

Pressemelding -

Frå utryddingstrua til rekordbestand – ny bok om havørna

I Havørna fortel tidlegare NRK-journalist Gunnar Myklebust historia om vår største rovfugl – og miljørørsla som redda han.

I ei tid der dyreartar blir utrydda i eit faretrugande tempo, gir den fascinerande historia om havørna grunn til håp. 

Då den norske havørna vart freda i 1968, var ho nær utrydda etter eit hundreår med systematisk nedslakting. Iherdig innsats frå ornitologiske entusiastar har gjort fredinga til ein suksess. Vi har i dag ein ny, levedyktig bestand, som òg er verdas største og tettaste, med bortimot 14 000 havørner i Noreg.

I boka blir vi betre kjente med denne store rovfuglen, eit av dei mest eksotiske innslaga i den norske faunaen. Saman med den fremste ørneeksperten i landet, Alv Ottar Folkestad, og fotograf Roger Engvik tar forfattaren oss med inn i kvardagen i havørnfamilien. Myklebust fortel om den planmessige utryddinga havørna vart utsett for, og den vellykka redningsaksjonen, viser kva rolle ørna har hatt i folketrua og mytologien, og ser ørnehistoria i lys av dei store miljøutfordringane i vår tid.

Gunnar Myklebust (f. 1950) er journalist og forfattar. Han har vore utanriksmedarbeidar i NRK og var i perioden 1993–1997 NRKs korrespondent i USA. Han har mellom anna skrive boka Tungtvannssabotøren om Joachim Rønneberg, Ishavet, ei bok om norsk fangsthistorie og Ragnar Ulstein. I krig og fred.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

  • Foto: Linda Cartridge
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3411 x 3921, 6.31 MB
    Last ned
  • 9788252199086 Havørna Framside R.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1822 x 2732, 385 KB
    Last ned