Gå videre til innhold
Omslagsillustrasjon: Victoria Sandøy
Omslagsillustrasjon: Victoria Sandøy

Pressemelding -

Framtidas juleklassikarar i nydeleg innpakning

Jula er her! er ei samling av framtidas juleklassikarar, skrivne av nokre av dei fremste barnebokforfattarane i landet og illustrert av landets beste illustratørar. Bidraga i Jula er her er eit utval frå dei fire utgåvene av Barnas Juleroser Samlaget gav ut i perioden 2018-2021, samt nye historier frå Agnes Ravatn, Maria Parr, Frode Grytten og Nora Dåsnes.

Totalt er det 24 bidrag i denne nydelege gåveboka, m.a. dikt, teikneserier, vitser og forteljingar. Jula er her! gir glede til heile familien gjennom heile desember. Bidraga er skrivne både på nynorsk og bokmål.

Bidragsytarar i Jula er her:

A. Audhild Solberg, Agnes Ravatn, Arne Svingen, Bjørn F. Rørvik, Bjørn Ousland, Bobbie Peers, Christian Wiik Gjerde, Eivind Gulliksen, Frode Grytten, Gulraiz Sahrif, Harald Nortun, Helene Uri, Herborg Kråkevik, Hilde Hodnefjeld, Ida Eva Neverdahl, Inga H. Sætre, Ingunn Thon, Jenny Jordahl, Jens Kristensen, Kaia Dahl Nyhus, Kari Stai, Kristian Krohg-Sørensen, Maja Lunde, Maria Parr, Mari Kanstad Johnsen, Marianne Gretteberg Engedal, Nora Brech, Nora Dåsnes, Ruth Lillegraven, Simon Stranger, Sunniva Sunde Krogseth, Susanna Kajermo, Svein Nyhus, Tegnehanne, Tom Egeland, Veronica Salinas, Victoria Sandøy, Øystein Runde, Øyvind Torseter og Åshild Irgens.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO