Pressemelding -
Hardangerkrim frå Thore Eithun Helland
"Farleg kreditt" er ein hardangerkrim med torpedoar, smuglarsprit og tragiske familieløyndommar.
LANSERING på Gamla onsdag 13. november klokka 1900. Forfattar Thore Eithun Helland les frå boka. Jazzmusikar Gisle Torvik, også frå Hardanger, vil spele. Det same vil The Helland Brothers Band.
Meir om boka:
Rockemusikaren
Alvin Evjo er på veg for å nå igjen ekskjærasten som han angrar på at han kasta
ut av leilegheita i Bergen. Idet han set seg inn i den gamle Volvoen, ringjer
faren. Edgar Evjo har gjeld til langt over pipa etter å ha vore involvert i eit
mislykka hotellprosjekt saman med broren, Martin. Den litauiske mafiabossen
Vanagas har gitt Edgar ein frist på to dagar til å skaffe 640 000 kroner.
Men Edgar manglar betalingsevne. Like blakk er Alvin, men han tek likevel på
seg å hjelpe faren. Utan aning om kva dei skal gjere, reiser dei heim til det
gamle huset i Øystese. Først når Alvin får barndomskameraten Erik med på laget,
lausnar det. Den tidlegare drapsdømde kameraten har ingen sperrer, og han har
ein dristig plan.
Thore Eithun Helland (f. 1965) er oppvaksen i Hardanger. Han jobbar i dag som advokat i Oslo. Farleg kreditt er den tredje romanen hans. I 2003 debuterte han med Bitterhonning Blues,og i 2008 kom Natta blir til regn.
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.