Gå videre til innhold
Foto: Oda Berby
Foto: Oda Berby

Pressemelding -

Helga Songøygard Battin klar med romanen "Terskel"; om bygdeliv, kjæledyr og kunsten å stå opp for seg sjølv.

I den nye romanen Terskel fortel Helga Songøygard Battin om Kjerstin som ikkje klarar å setje grenser for seg sjølv. Dette leiar ho ut i både krevjande, rare og komiske situasjonar.

Kjerstin bestemmer seg for å ta grep om eige liv og kjøper seg eit hus i skogkanten. Ho flyttar inn med katten Bolleris, og sjølv om det vel eigentleg er banken som eig huset, byrjar det sakte, men sikkert å kjennast som ein heim. Hennar heim. Her er ho fri frå den alkoholiserte mora og fordommane mot dei som har kommunal bustad, og ho har tatt eit langt steg vekk frå paranoide Lasse.

På ein av dei mange festane Kjerstin går på, møter ho ein mann som blir med henne heim, og som på finurleg, nærast utspekulert vis, flyttar inn. Han heiter Bjarg og hevdar at han er allergisk mot kattar, men har nok større problem enn som så.

Helga Songøygard Battin (f. 1989) bur i Tokke i Vest-Telemark. Ho har gått på Forfattarstudiet i Bø og debuterte med romanen Rosehagtornen i 2020. Terskel er den andre romanen hennar.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter