Helga Songøygard Battin klar med romanen "Terskel"; om bygdeliv, kjæledyr og kunsten å stå opp for seg sjølv.
I den nye romanen Terskel fortel Helga Songøygard Battin om Kjerstin som ikkje klarar å setje grenser for seg sjølv. Dette leiar ho ut i både krevjande, rare og komiske situasjonar.
Kjerstin bestemmer seg for å ta grep om eige liv og kjøper seg eit hus i skogkanten. Ho flyttar inn med katten Bolleris, og sjølv om det vel eigentleg er banken som eig huset, byrjar det sakte, men sikkert å kjenn