Pressemelding —
Herborg Kråkevik klar med nytt Juleroser-hefte og ny juleforestilling på Det Norske Teatret
Erlend Loe, Espen Lind og Musti er alle med i den 12. utgåva av juleheftet Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør. Og dei to siste søndagane før jul står dei på scena på Det Norske Teatret i den 3. utgåva av Juleroser-framsyninga. Espen Lind har laga ei ny nordnorsk julesalme "Sørrafør her", og Loe og Musti bidreg med eigne tekstar frå juleheftet.
Hovudtemaet i årets hefte er fuglar – i fugleneket, på fuglebrettet og som pynt på juletreet, eit symbol på fridom, men også noko av det aller minste og mest sårbare livet i naturen. I religiøse og mytologiske forteljingar symboliserer fuglane ofte sjela og ånda. I ei tid som er tung og krevjande for jorda og menneska, er biletkunsten og litteraturen viktige lyspunkt og trådar inn til håp og fellesskap. Juleroser er fullt av spennande og vakker kunst som gir ein kjærkomen pause og meiningsfullt påfyll i julestria.
Årets Juleroser har elles bidrag frå mellom andre Gunnar Staalesen, Janne Stigen Drangsholt, Mona B. Riise, Marit Eikemo, Brit Bildøen, April Alexandersdottir og Lina Undrum Mariussen.
Samlaget samarbeider for tredje år på rad med Det Norske Teatret om ei eiga Juleroser-forestilling på hovudscena søndagar i desember. Herborg Kråkevik med gjester invterer til ein stemningsfull time med musikk, kunst og litterratur.
Med relanseringa avJuleroser i 2015 tok Kråkevik opp ein tradisjon frå 1800-talet, fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta. Juleroser er eit illustrert, litterært julehefte med nyskrivne bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane i vår tid, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne.
Foto av Loe, Lind og Kråkevik: Ole Herman Andersen, Det Norske Teatret.
Emner
Samlaget gir ut skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og fakta, og faglitteratur for studentar i høgare utdanning.