Gå videre til innhold
Herborg Kråkeviks bestseljande Juleroser garanterer julestemning

Pressemelding -

Herborg Kråkeviks bestseljande Juleroser garanterer julestemning

Julehefta Juleroser og Barnas Juleroser 2021 har bidrag frå Agnes Ravatn, Ingrid Bjønov, Edvard Hoem, Gulraiz Sharif, Åge Aleksandersen, Karoline Krüger, Malin Falck med fleire. Herborg Kråkevik er redaktør for begge julehefta.

Med relanseringa av Juleroser i 2015 tok Kråkevik opp ein tradisjon frå 1800-talet, fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta. I 2018 vart også tradisjonen med litterære julehefte for barn tatt opp att med Barnas Juleroser. I adventstida i år er ho også aktuell med Barnas Juleroser-album (Grappa Musikkforlag) og Juleroser-turné saman med Juleroser kvintetten, Mathias Eick, Linda Eide og Vigdis Hjort

Juleroser 2021 har bidrag frå mellom andre Agnes Ravatn, Edvard Hoem, Ingrid Bjørnov, Maria Navarro Skaranger, Tone Selboe, Knut Hoem, Mona Høvring, Karin Boye, Tor Jonsson, Marthe Minde, Håkon Gullvåg og Erle Kyllingmark. Demian Vitanza og Christer Karlstad har laga ein ekfrase, Alfred Fidjestøl har intervjua Åge Aleksandersen, Karoline Krüger har skrive den nye julesongen «Syng sang», og framsida er illustrert av Christopher Rådlund. I tillegg ligg det ved tre kunsttrykk som ein kan ta ut og ramme inn.

Barnas juleroser 2021 for barn mellom 6-12 år har bidrag frå mellom anna Tegne-Hanne, Gulraiz Sharif, Bjørn F. Rørvik, Helge Torvund, Anna R. Folkestad, Harald Nortun og Martin Ernstsen. Framsida er illustrert av Malin Falch. Barnas Juleroser er underhaldande og spekka med glade juleforteljingar, teikneseriar, dikt, songar og ikkje minst leikne og morosame illustrasjonar signert nokre av våre fremste barnebokillustratørar.

Juleroser og Barnas Juleroser er eit samarbeid mellom Samlaget og Story House Egmont AS. 

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget

Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO