Pressemelding -
Historisk roman for ungdom frå kritikarroste Aina Basso om skam, urett og overtru
Aina Basso har i snart 20 år gjort stor suksess med historiske romanar, og denne våren er ho aktuell med sin første skjønnlitterære ungdomsbok sidan Inn i elden, som ho blei nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for.
Josefa er femten år gammal då faren ror henne over fjorden for å gå i tenesete på storgarden Li. Trass i saknet etter familien trivst Josefa blant tenestefolka på garden. Men alt er ikkje like fint som det verkar, og snart får Josefa erfare kva det er som ligg og ulmar under overflata.
Før det blir morgon handlar om å vere ei ung jente i Noreg på 1700-talet. Aina Basso skildrar historia om Josefa på ein sanseleg og truverdig måte og lesaren kjem tett inn på ei ung jentes kjensleliv, draumar og tankar. På same tid er romanen eit rått portrett av ein røyndom der dei fleste menneske var prisgitt overmakta.
Aina Basso (f.1979) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. For ungdomsboka Inn i elden (2012) blei ho nominert til Brageprisen, KUD litteraturprisen og Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris. I 2022 blei Basso tildelt Samlagsprisen for den skjønnlitterære forfattarskapen sin. Same år blei ho òg nominert til Brageprisen i klassen sakprosa for barn og unge med Dei dødsdømde. Basso har vore festspeldiktar for Dei nynorske festspela og festivalforfattar for Falturiltu.
Emner
Kategorier
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.