Gå videre til innhold
«Høgspenning livsfare» er Helene Guåker si fyrste bok på Samlaget. Foto: Iris Engen Skadal
«Høgspenning livsfare» er Helene Guåker si fyrste bok på Samlaget. Foto: Iris Engen Skadal

Pressemelding -

«Høgspenning livsfare» av Helene Guåker nominert til Brageprisen

Helene Guåker er nominert til Brageprisen i klassen for barne- og ungdomslitteratur med ungdomsromanen Høgspenning livsfare.

I juryens grunngiving står det mellom anna:

«Høgspenning livsfare handler om overgangene i livet, om kriser og om psykisk helse. [...] Med korte setninger og velvalgte ord formidler Helene Guåker kompliserte følelser både på og mellom linjene. Det er lett å lese, lett å leve seg inn i og bringer leseren helt tett på Leas tanker og følelser. Også morens tilstand er skildret slik Lea opplever den, gjennom frustrasjon, medfølelse og iherdige forsøk på å få moren frisk igjen. Dermed gir boka et både troverdig og nyansert bilde av sykdommen.»

I Høgspenning livsfare har hovudpersonen Lea flytta på hybel, samstundes som ho har ei mor heime som er psykisk sjuk. For å få venner gjer Lea seg om til smarte og kule Vilde, som ikkje har ei mor med depresjon. Så skjer det noko som gjer at Lea ikkje greier vere nokon andre enn seg sjølv.

– Eg har skrive denne boka for at andre skal kunne forstå, og for at dei som har hatt det vondt og vanskeleg og tøft skal føle seg litt mindre åleine, seier Guåker om ungdomsromanen. Boka har mellom anna vorte meldt i Hamar Arbeiderblad, der meldar Geir Vestad tok fram superlativa: «Når Helene Guåker smeller til, skjelver det i boksidene».

Helene Guåker (f. 1983) er frå Nes i Ringsaker. Ho har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne i ulike sjangrar. I 2017 blei ho nominert til Brageprisen for ungdomsromanen Sveiseblink.

Emner

Tags


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Relatert materiale

Relaterte nyheter

Welcome to Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO