Gå videre til innhold
Ny ungdomsbok om å ha ei psykisk sjuk mor

Pressemelding -

Ny ungdomsbok om å ha ei psykisk sjuk mor

Helene Guåker er aktuell med ei intens og sterk ungdomsbok om å vere ung og flytte på hybel, og samstundes ha ei mor heime som er psykisk sjuk. 

Lea går i andre klasse på vidaregåande. Ho bur på hybel og har ingen venner. Og heime på garden ligg mamma i senga. Uansett kva Lea gjer eller seier, står ikkje mamma opp.

For å få seg venner gjer Lea seg om til Vilde. Smarte, morosame og kule Vilde. For Vilde har ikkje ei mor som er sjuk. Vilde blir kjærast med Halvor. Vilde greier alt i heile verda. Men så skjer det noko som gjer at Vilde forsvinn og Lea ikkje greier å vere nokon annan enn seg sjølv.

Helene Guåker (f. 1983) er frå Nes på Hedmark. Ho har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne i ulike sjangrar. I 2017 blei ho nominert til Brageprisen for ungdomsromanen Sveiseblink.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO