Gå videre til innhold
Hovudverk i skandinavisk romankunst no ute på norsk

Pressemelding -

Hovudverk i skandinavisk romankunst no ute på norsk

«Eg skriv til dykk frå ei anna verd.» Med desse orda opnar Andrzej Tichý sin mest ambisiøse roman hittil, Kairos. Gjennom ein vev av stemmer går han inn i kritiske punkt i historia og utforskar opprøret og avmakta, håpet og fortvilinga, utopien og dystopien.

Kairos er eit hovudverk i nyare skandinavisk romankunst, ein treffande sivilisasjonskritikk som verkar eksplosiv og utfordrande.I samband med nominasjonen av Kairos til Nordisk råds litteraturpris 2014 skreiv priskomiteen om Tichý at «med si fjerde bok framstår han som ein av dei mest originale og talentfulle forfattarane i den unge svenske litteraturen».

Boka er omsett frå svensk av Gunstein Bakke.

Andrzej Tichý blei fødd i Praha i 1978 og bur i Skåne, Sverige. Han debuterte med Sex liter luft i 2005 og blei tildelt Borås Tidnings debutantpris. Hans andre roman, Fält (2008), blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. Han mottok Aftonbladets litteraturpris 2013 for Kairos og Omsorgen, som begge kom ut i 2013. 

Frå meldingar: 

"Virtuost, vitalt, vanskeleg ... Komplisert klagesong av det originale, fascinerande slaget" - Terningkast 5

Steinar Sivertsen, Stavanger Aftenblad

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO