Gå videre til innhold
Humoristisk og frisk barnebok om å vere perfekt uperfekt signert Ingunn Thon

Pressemelding -

Humoristisk og frisk barnebok om å vere perfekt uperfekt signert Ingunn Thon

Orion Sigerstad er perfekt. Så perfekt at han ikkje har brukt viskelêr i heile sitt liv, for han skriv aldri feil. Han anar ikkje kor kontoret til rektor er, for han har aldri oppført seg i nærleiken av dårleg. Og han speler fløyte så perfekt at han kjem til å bli tidenes yngste elev ved Makelaus musikkonservatorium. Han må berre få vist det på den store konserten i morgon. Men når den nye kontaktlæraren seier til Orion at han ikkje treng å vere så perfekt heile tida, skjer det noko rart. For når han vaknar dagen etter er han blitt heilt bajas. Kroppen gjer som han vil, og Orion har ikkje kontroll. Korleis skal det gå på konserten når han ikkje kan spele ein einaste riktig tone?

Full bajas er ei morosam og sjarmerande bok om ein gut som alltid lev opp til andre sine og eigne skyhøge forventingar og om kor frigjerande det er å gjere det ein sjølv ønsker. Målgruppe 9-12 år.

Boka er illustrert av Maja Kjellstad Aanonsen.

Lansering 12.september

Ingunn Thon (f.1986) debuterte med barneboka Ollis i 2017. For denne boka blei ho nominert til Ark barnebokpris og KUD debutantpris. Ho er journalist og tekstforfattar, og har mellom anna jobba i NRK Super.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Relatert innhold

  • Ingunn Thon fekk sin litterære debut med barneromanen «Ollis». Foto: Pernille Walvik

    «Ollis» av Ingunn Thon nominert til prestisjetung barnebokpris i Storbritannia

    Barnebokforfattar Ingunn Thon er nominert til 2021 CILIP Carnegie Medal Prize for Ollis.
    – Eg synast det er veldig stas. Spesielt å bli nominert i UK som er kjent for å ha så mykje fin barnelitteratur sjølv, seier Thon om nominasjonen, og legg til: 
    – Om eg tenkjer på Ollis som ein ekte person, som eg av og til gjer, blir eg stolt av ho. At reisa ho gir seg ut på betyr så mykje for engelske