Pressemelding —
Ida Eva Neverdahl aktuell med ny bok som Lucy!
I kjent stil har Ida Eva Neverdahl laga ein orginal og fargerik bokserie for dei minste. Lucy klarer alt. Kattekjendisen er andre bok med oppfinnsame Lucy i hovudrolla. Igjen får lesaren bli med på alt det rare Lucy finn på for å gjere kvardagen ekstra gøyal.
Lucy er ei jente som klarer alt, absolutt alt. Og i dag vil ho prøve noko nytt: Ho vil bli kjendis. Det er berre eitt lite problem: Det er ikkje så mange som kjenner til henne! Men dette er sjølvsagt ikkje til hinder for Lucy. Ho har nemleg klekt ut ein plan.
Kattekjendisen er den andre boka om Lucy som klarer alt. Første bok i serien er Sirkuset, og i denne går draumen om å bli sirkusdirektør i oppfylling.
Ida Eva Neverdahl (f. 1993) er teikneserieskapar og illustratør. Ho har laga nettseriar og teikneseriestriper og gitt ut fleire bøker for barn og unge, mellom anna teikneserietrilogien om antihelten Floke.
Relaterte lenker
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.