Gå videre til innhold
Ingelin Røssland med kjærleiksroman frå Hardanger

Pressemelding -

Ingelin Røssland med kjærleiksroman frå Hardanger

Ingelin Røssland er klar med si første bok for vaksne, Kirsebærsnø, ein kjærleiksroman med handling frå Hardanger.

Under den storslagne førtiårsfesten Cathrine har laga for mannen sin, blir ho brått klar over at det finst ein ubalanse i forholdet. Ho har vore så opptatt av å visa sin kjærleik for Tom Ove at ho ikkje har merka at han knapt løftar ein finger for hennar skuld. Og mens ho står på trappa utanfor festlokalet og frys, kjem det ein som ser henne. Det er som om lagnaden nærmast kastar henne i armane på denne svenske dyrlegen som seier rett ut: Jag vill stjäla dig från din man. 

Handlinga i Kirsebærsnø utspeler seg i vakre Hardanger, med blømande frukttre, ei kjær bestemor som ligg for døden og eit gammalt hus som skaper strid i familien. Cathrine er midt i sitt livs største drama: Vil ho orka å stå imot freistinga, når det er så enkelt å gi etter?

Ingelin Røssland (f. 1976) er frå Tysnes i Sunnhordland. Ho har fått ei rekkje prisar for sine ungdomsbøker og blitt omsett til fleire språk. Kirsebærsnø er Røsslands første roman for vaksne.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO