Gå videre til innhold
Omslag Historia om Erling Braut Haaland
Omslag Historia om Erling Braut Haaland

Pressemelding -

Inspirerande biografi om Erling Braut Haaland

Erling Braut Haaland er kanskje den mest kjende nordmannen i verda akkurat no. Etter å ha dundra inn mål etter mål for den tyske storklubben Borussia Dortmund, har han i haust hatt ein eventyrleg debut i Premier League for Manchester City. Noreg har kanskje aldri fostra opp eit større talent. Korleis blei Erling Braut Haaland så god? Korleis blei ein spedbygd gut frå vesle Bryne eit av dei største fenomena i fotballverda?

Historia om Erling Braut Haaland er ei rikt illustrert bok med både fotografi og teikningar, kor vi får lese om oppturar, nedturar og den ustoppelege viljen til å bli betre. Boka kan inspirere alle fotballinteresserte barn som drøymer om å bli fotballproff. 

Boka blir lansert på Bryne laurdag 15. oktober.

Forfattar og lesevitar Ørjan Zazzera Johansen (f.1974) har skrive denne uoffisielle biografien om Erling Braut Haaland.  Johansen er sambygding av Haaland og har skrive fleire bøker om fotball.

Thomas Kirkeberg (f.1988) er illustratør frå Tønsberg. Han har illustrert fleire bøker for barn og unge.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO