Gå videre til innhold
Jan Roar Leikvoll får Stig Sæterbakkens minnepris

Pressemelding -

Jan Roar Leikvoll får Stig Sæterbakkens minnepris

Snart bokaktuelle Jan Roar Leikvoll er årets vinnar av Stig Sæterbakkens minnepris på 100 000. 25.9. kjem Leikvolls nye roman Songfuglen ut. Det er andre gongen minneprisen vert delt ut. I fjor gjekk prisen også til ein Samlagsforfattar, Mette Karlsvik.

Juryen kallar Leikvolls tre bøker Eit vintereventyr (2008), Fiolinane (2010) og Bovara (2012) " et nødvendig humanistisk prosjekt." Og vidare: "Hans foreløpige forfatterskap er et av de
mest gjennomførte og unike prosjektene i norsk samtidslitteratur. Det er med
stor spenning vi ser frem til årets utgivelse, Songfuglen, og Jan Roar Leikvolls videre forfatterskap."

Om den kommande boka Songfuglen som vert lansert 25.9.:

Sidan han vart fødd, har Jakoba levd som ei jente. Han har vakse opp hos mor og tante i ein by der det berre bur kvinner. No er han i ferd med å bli ein ung mann, og han får kjensler for ei jente. Det blir stadig vanskelegare å halde løyndommen skjult, men kanskje talentet kan redde han: Ingen syng så vakkert som Jakoba, og han begynner i lære hos den beste songlærarinna i byen. Samstundes, på andre sida av juvet, djupt inne i skogen, truar brøla frå mennene.

Songfuglen handlar om einsemda som oppstår når verda ein trudde var trygg og meint å vare
for alltid, viser seg å vere både farleg og umuleg.

 Om Stig Sæterbakkens minnepris:

Stig Sæterbakkens minnepris vert delt ut årleg. Prisen på kr.100.000 går til ein forfattar med overbevisande litterære kvalitetar, originalitet og mot til å skape sine eigne prosjekt, og
forfattaren bør ha gitt ut mellom 2-4 skjønnlitterære bøker.  Prisen er juryert:
Ane Nydal (kritiker), Markus Midré (forfatter) og Nina Ewart (bibliotekar)

 

 


 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO