Gå videre til innhold
Jan Roar Leikvolls minnepris til Ingvild Holvik

Pressemelding -

Jan Roar Leikvolls minnepris til Ingvild Holvik

Forfattar Ingvild Holvik får Jan Roar Leikvolls minnepris 2017. 

Frå grunngjevinga til juryen: 

"prisvinnarens litterære produksjon utmerkar seg ved å vere skarp, smart, usentimental – nådelaust kynisk den eine augneblinken, overrumplande morosam den neste. Mest av alt er dei to romanane forfattaren har utgjeve til no, prega av ei særmerkt evne til å handtere kvardagsspråket i kunstnarleg samanheng, og til å formidle alt det vonde som finst mellom menneska gjennom dette språkets prisme.

Vi har ynskja å beløne litterært vågemot, språkleg klarsyn og viljen til å bóre djupt i menneskesinnets irrgangar, og alle desse kvalitetane finst i rik món i både Lykkefeltet og Premien for alt."

Ingvild Holvik er født i Bergen i 1976 og bur no i Tromsø, kor ho arbeider som konsulent i Norsk Forfattersentrum. Ho debuterte med romanen Lykkefeltet i 2010. Hennar andre roman, Premien for alt, kom i vår. Holvik har òg omsett Attila Bartis’ Stillheten til norsk frå ungarsk, eit arbeid ho vart nominert til Brageprisen for. 

Om prisen: Det er tredje og siste gong prisen vert delt ut. Prisen er på 50 000 og går til ein nynorsk, skjønlitterær forfattarskap av høg kvalitet og originalitet. Forfattaren må ha debutert etter 2005 og kan maksimalt ha gjeve ut fire titlar.

Jan Roar Leikvoll (1974-2014) publiserte i løpet av seks år fire romanar som viste ein forfattar som ikkje var redd for å gå sine eigne vegar. Bøkene hans utgjer ein unik forfattarskap i norsk samtidslitteratur. Denne prisen er meint å støtte forfattarar som tidleg i forfattarskapen viser sjølvstende og litterært mot.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO