Gå videre til innhold

Pressemelding

Jenny Lund Madsen klar med ny krim; "Under ei blendande sol"

Under ei blendande sol er ein frittståande oppfølgjar til danske Jenny Lund Madsens internasjonalt kritikarroste og prisvinnande debut Tretti dagars mørke og den andre boka i øy-trilogien om Hannah Krause-Bendix. Ein elegant og forførande krim der middelhavsidyll og mørke løyndomar kolliderer.

Forfattaren Hannah Krause-Bendix slit med ulykkeleg kjærleik og skrivesperre. For å finne ro og inspirasjon blir ho send til Sicilias blendande sol, til ein villa med utsikt over havet – her skal ho skrive oppfølgjaren til den store krimsuksessen.
Villaen er som skapt for skriving, men tastaturet står stille. I staden let Hannah seg lokke ut i det solblenkande landskapet, til tronge smau, lokale kafear og late dagar ved havet. Ferieidyllen slår sprekkar idet ho vaknar opp midt i eit mordmysterium – og innser at ho sjølv er blant dei mistenkte. Mot politiets ordre bestemmer Hannah seg for å løyse saka sjølv, slik berre ein forfattar med for mykje fantasi kan gjere. Til si eiga overrasking får ho uventa hjelp av ein sjarmerande, ung italiensk betjent. I bakgrunnen lurer det uavklarte forholdet til den islandske kjærleiken.

Jenny Lund Madsen (f. 1983) er dansk filmvitar og manusforfattar for film og tv. Ho debuterte med Tretti dagars mørker i 2020 til strålande kritikkar og vart tildelt Harald Mogensen-prisen for beste danske kriminalroman same år. Boka er omsett til svensk, engelsk, fransk, tysk og nederlandsk, og fleire språk står for tur.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Uten tittel - 12. mai 2025 kl. 14.19.06 (1).jpeg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1920 x 1080, 499 KB
    Last ned