Pressemelding -
Jens K. Styve aktuell med romanen Friedland
Jens K. Styve (f. 1972) fekk i 2007 strålande mottaking for debutboka si Eg, Ove Kvamme, no tek han forfattarskapet vidare i romanen Friedland, ei dramatisk og fengjande historie frå Nord-Noreg. Det føregår i eit mørkt og småkorrupt bygdeunivers som er ispedd solide dosar med humor og menneskeleg varme.
Odd Friedland er
litt som Snåsamannen, berre utan dei gode intensjonane. Han driv med fjernhealing,
energibalansering, jordstråling og alt mogleg anna som kan kasta av seg. Sonen
Kristoffer tener nesten ingenting, men aner at han snart må bli vaksen. Den
lokale etterspurnaden etter heimebrent, narkotika og krekebærsaft kan gi næring
for mange, men det vil krevja eit samspel på tvers av generasjonar. I tillegg
involverer det både politi og kriminelle, spørsmålet er om far og son Friedland
har det som skal til. Kan dei få drahjelp utanfrå, eller er hunden Laika den
einaste dei kan stola på?
Jens K. Styve (f. 1972) kjem frå Hjelmås i Nordhordland. Han arbeider i Tromsø, mellom anna som forfattar av bøker, teikneseriar, film- og fjernsynsmanus.
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.