Pressemelding —
Jon Fosse, Maria Parr, Linda Eide, Bjørn Hatterud, Tore Kvæven med fleire er klare med bøker på Samlaget denne hausten
Nobelprisvinnar Jon Fosse si andre Vaim-soge,Vaim Hotell, blir lansert i starten av september. Brageprisvinnar og forfattaren bak Når landet mørknar, Tore Kvæven, er klar med romanen Eit spor til endes. I boka følgjer vi Torstein som veks opp på ein fjellgard på slutten av 1800-talet. Eit tett, iskaldt vinterdrama om ein ung gut og prøvelsane han må gjennom. Straks kjem andre bok i den kritikarroste Ryer-serien, På stedet hvil. Martin Baldysz skriv historisk krim der søskenparet Ryer løyser krimgåter på Sunnmøre. Steffen Kverneland og Ragnar Hovland står saman bak boka Astrup, ein gonzobiografi om malaren, og turen deira over fjellet til Astruptunet.
Maria Parr kjem med boka Sjå der går ein barndom - om lesaren, litteraturen og det fortalde. Parr er ein av våre største forfattarar, og ein stor litterær eksportartikkel. I boka reflekterer ho rundt det å skrive og fortelje til barn; dei viktigaste lesarane. På sakprosalista elles finn ein mellom anna Linda Eide som fortel underhaldande og med stor innsikt om sitt språkliv, Arne Hjeltnes om folk han har møtt og kva dei har lært han. Halvor Folgerø har skrive historia om det norske turistikonet Trolltunga og Bjørn Hatterud kjem med forteljinga om far sin i Far levde, og så var han død. Traktormekanikk, trekkspelmusikk, heimebrenning og umalt furu. Fotograf Marit Aarekol og forfattar Marit Eikemo står bak Husdraumar. Forlatne heimar på vestlandet. Journalist Anne Kari Hinna kjem med ein uautorisert biografi om Trond Mohn; Raus og nådelaus. Historia om Trond Mohn.
Forlaget kjem også med ei bok om fritt broderi og Ingvild Granes Strikk sokkar. Paret bak den populære instagramkontoen Fysen på, Hans Hervøy og John Ngan byr på sine beste oppskrifter i boka Evig fysen.
Her er oversikt over alle haustens titlar på Samlaget, med lanseringsdatoar:
https://samlaget.no/collection...
Forfattarportrett: Sara Sanderud, Tommy Ellingsen, Agnete Brun, Tor Brødreskift.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.