Gå videre til innhold
Foto: Ingunn Moen
Foto: Ingunn Moen

Pressemelding -

Kaisa Aglen med ny diktsamling om konsekvensane av å leve med sjukdom og skade

I boka Eit større regn undersøker Kaisa Aglen dei eksistensielle konsekvensane av å leve med sjukdom og skade. Korleis det påverkar synet på verda og ein sjølv, korleis det grip inn i og endrar nære relasjonar, og kor sårbar ein kan vere ovanfor endringar i politikk og samfunn.

Tekstene strekk seg både mot det språket neppe kan gripe, og det som rådande samfunnssyn gjer stumt: Kva sanningar og opplevingar gir vi rom til, og kva vert skubba attende i språkløysa og bak lukka dører? Korleis kan ein kvar dag leve med det som ikkje skal finnast, som ingen av oss vil skal finnast? Korleis ser lykke, livslyst og kjærleik ut då?

Kaisa Aglens tredje bok er både politisk og eksistensiell, men først og fremst eit vakkert poetisk verk.

Kaisa Aglen (f. 1985) er frå Volda og er busett i Trondheim, der ho har studert filosofi. Ho debuterte i 2012 med Kvar i kroppen sit ingenting. Hennar andre bok, Mellom krig, kom i 2016.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO