Gå videre til innhold
Foto: Bodil Haga
Foto: Bodil Haga

Pressemelding -

Kan ein vere litt for snill? Ny bildebok frå Anna R. Folkestad

Dagfinn er veldig snill. Og dessutan er han rågod til å sjonglere! Ein dag ser han at det skal vere ein talentkonkurranse i byen, og han bestemmer seg for å melde seg på. Dette liker ikkje dei såkalla venene hans, Gerd, Sjur og Britt. Første-, andre- og tredjeplassen i talentkonkurransen skal nemleg dei ha, for det har dei bestemt. I tur og orden lurer dei snille Dagfinn til å gi frå seg sjongleringsballane til dei. Til slutt har han berre éin ball igjen! Og det går vel ikkje an å sjonglere stilig på talentshow om ein berre har ein ball?


Litt for snill
er ei bildebok om sjalusi og misunning, og om kva det eigentleg vil seie å vere ein god ven og om å finne flokken sin.

Anna R. Folkestad (f.1983) er forfattar og illustratør. Ho debuterte i 2011 med bildeboka Henrik And, og vart tildelt Nynorsk barnelitteraturpris for boka Unni og Gunni reiser. Sidan har ho gitt ut ei rekkje barnebøker, bildebøker og Leseland-bøker på Samlaget.

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter