Gå videre til innhold
Kari Smeland klar med ny barnebok; "Sirkus Spetakkel"

Pressemelding -

Kari Smeland klar med ny barnebok; "Sirkus Spetakkel"

Kari Smeland er klar med ny, sprelsk barnebok, Sirkus Spetakkel. Smeland debuterte med den kritikarroste boka Familien Kråkestup og nyset i nabohuset i 2012. Debutboka er selt til Tyskland, Frankrike, Tjekkia og Danmark.

Om Sirkus Spetakkel: Vesle Ada elskar livet på landevegen saman med dei to rufsete sirkusonklane sine. Sirkus Spetakkel er det trivelegaste og beste vesle sirkuset ein kan tenke seg. Men ein dag blir idyllen broten. Den ekle sirkusdirektøren Rottekjeften vil ha Sirkus Spetakkel vekk frå landevegen, og i byen bak dei taggete fjella byrjar kampen om sirkustrona og jakta på ei mor Ada ikkje hugsar.

Sirkus Spetakkel er ei varm, humoristisk og nydeleg forteljing om kampen mellom dei greie, og dei som ikkje er fullt så greie, om vennskap, kjærleik og saknet etter mor.

Kari Smeland (f. 1984) kjem frå Kviteseid i Telemark og bur i Oslo. Ho har ein bachelor i historie- og samfunnvitskap og jobbar som bibliotekar. 

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO