Pressemelding -
Kari Stai med oppfølgar til Brageprisnominerte "Flokken". 23.03. kjem "Raringen".
Juris verd.
Korleis skal ein oppføre seg i ei verd der alle verkar normale? Der ingen synest det er rart at folk bur på gata, men synest det er veldig rart å sende kjærleiksbrev til ein vaksen vikar? Og korleis veit ein kva ein skal gjere når folk seier eit forbode ord? Dette er berre nokre av spørsmåla 11 år gamle Juri plutseleg må finne ut av.
Gjennom dei to tidlegare bøkene Passe happy og Flokken har vi blitt kjende med Juri. Han er ein undrande, søkande og fabulerande gut som prøver å finne ut kven han er, og navigere i den merkelege verda.
I Raringen møter vi Juri igjen i ulike kvardagslege situasjonar, som gjennom hans blikk får eit nærmast magisk preg. Kari Stai skriv med finkjensle og varsemd, men også med humor om ein gut som kjenner seg litt annleis. Boka er illustrert av forfattaren sjølv.
Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør. Ho har vunne ei rekke prisar, som Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris. Aller mest kjend er Stai for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater. I 2021 kom ho også med sin første illustrerte roman for barn, Passe happy, som vann Kulturdepartementets illustrasjonspris. I 2022 kom Jakob og Neikob og tidsmaskinen, den aller siste boka om det kjende radarparet.
Related links
Emner
Kategorier
Regions
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.