Gå videre til innhold
Kristin Tveiten. Foto: Oda Berby
Kristin Tveiten. Foto: Oda Berby

Pressemelding -

Kristin Tveiten debuterer med roman om komplisert omsorg

Kristin Tveiten debuterer med romanen Menneske og møll, ei forteljng om røter og familieband, og om å bli fri frå si eiga fortid.

Ein dag ringer far til Marianne og spør om ho har lyst på den gamle, rosemåla kista etter besteforeldra hennar. Dei har ikkje snakka saman på fleire tiår. Han har ikkje eingong helst på mannen hennar, og han har ikkje vist interesse for barnebarnet Astrid, som no er vaksen. Likevel reiser Marianne for å hente kista.

Møtet med den aldrande faren blir ikkje det siste. Han er skrøpeleg og klarer ikkje ta hand om seg sjølv. Den nye kona hans verkar uinteressert. Maktbalansen er rokka ved. No er det han som er liten og redd og får kjenne på redsla når nattemørket pakkar seg rundt han. Faren treng Marianne. Motvillig, men pliktoppfyllande, stiller ho opp, og ei mørk familiehistorie kjem til overflata.

Kristin Tveiten
(f. 1966) kjem frå Seljord. Menneske og møll er den første boka hennar.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Tveiten, Kristin (c) Oda Berby 2020 BRUK DETTE.jpg
    Tveiten, Kristin (c) Oda Berby 2020 BRUK DETTE.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4315 x 6472, 21.6 MB
    Last ned
  • 9788234004643 Menneske og møll Framside C.jpg
    9788234004643 Menneske og møll Framside C.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1581 x 2481, 1.1 MB
    Last ned