Gå videre til innhold
Marianne Gretteberg Engedal og "Pølsetjuven"
Marianne Gretteberg Engedal og "Pølsetjuven"

Pressemelding -

Kulturdepartementets bildebokpris til Marianne Gretteberg Engedal

Marianne Gretteberg Engedal får Kulturdepartementets bildebokpris for 2019 for boka Pølsetjuven.

I juryens grunngiving står det mellom anna: 

- Pølsetjuven er ei original forteljing om ein kjend tematikk: å ta eigne val, sjølv om det kan kjennast vanskeleg. Ei fin skildring av korleis det er å finne seg sjølv i ei verd som er full av fastlagde rammer og forventningar. Boka nyttar biletbokmediet godt, og er prega av ein original og gjennomført forteljarstil. Teksten er i hovudsak replikkar, og bileta ber mykje av handlinga. Vekslinga mellom mindre ruter og heile sider skapar tempo og dynamikk, og rik fargebruk formidlar stemninga effektfullt. Teikningane er morosame og fulle av spanande detaljar, og innbyr til å lese boka mange gonger. Forsats og baksats er nytta til å gje eit før- og etterperspektiv til forteljinga. Stilen er skakk og morosam, og dei ulike karakterane understrekar fint kor ulike me er som menneske.

Juryen består av Silje B. Johannessen (leiar), Agnes Margrethe Bjorvand, Asbjørn Kolberg, Leif Haakon Steine og Kyrre Matias Goksøyr

Kulturdepartementet foretar årlig en premiering av årets beste barne- og ungdomsbøker. Siden 2003 administreres jury og prisutdelingsarrangementet fra Norsk barnebokinstitutt.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO