Gå videre til innhold
Kven er den rikaste tjuven i landet?

Pressemelding -

Kven er den rikaste tjuven i landet?

Humoristisk om ekte vennskap

Kjell er fødd inn i ein tjuvefamilie, men han vil ikkje vere tjuv. Derfor sende mora til Kjell han på korpsøving. “Når du ikkje vil vere tjuv, kan du i det minste lære deg å spele eit instrument”, meiner ho. Kjell vil ikkje spele i korps. Men alt snur når Kjell høyrer ein nydeleg song frå blokkfløyta til Bob, den flinkaste guten i korpset.

Ein dag får familien til Kjell mykje pengar, så no kan dei kjøpe i staden for å stele. Samstundes gjer Kjell alt han kan for å få vere i lag med Bob, til og med tjuvestrekar! Er eit nytt vennskap i ferd med å utvikle seg?

I Verdas rikaste tjuv møter vi att Kjell, som vi blei kjend med i Pølsetjuven frå 2019 og Polititjuven frå 2021. Pølsetjuven vann Kulturdepartementets bildebokpris 2019 og Nynorsk barnelitteraturpris. Boka er blitt omsett til fleire språk og sett opp som teater på Den Nationale Scene i Bergen.

Sagt om Engedal: "Med Polititjuven tek Marianne Gretteberg Engedal fast grep om den ferske plassen sin i elitedivisjonen blant norske barnebok-forfattarar." Janne Karin Støylen, Bergens Tidende

Marianne Gretteberg Engedal (f.1986) er illustratør, forfattar og kokk. Ho illustrerer bøker og for tidsskrift under kunstnarnamnet Skinkeape.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Relatert innhold

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO