Gå videre til innhold
Lånt stas av Paula Fox ute på norsk

Pressemelding -

Lånt stas av Paula Fox ute på norsk

Lånt stas (Borrowed Finery, 1999) er ei gripande forteljing om Paula Fox sin høgst uvanlege, omskiftelege og fargerike oppvekst. Ein klassikar elska av både lesarar og kritikarar over heile verda.

Paula Fox (f. 1923) er ein av dei viktigaste forfattarane i amerikansk etterkrigslitteratur. Den prislønte forfattarskapen hennar omfattar bøker for både barn og vaksne. Bøkene hennar har blitt løfta fram av ein ny generasjon amerikanske forfattarar, med Jonathan Franzen og David Foster Wallace i spissen. Paula Fox bur i Brooklyn, New York.

Kort tid etter at Paula Fox blir fødd i 1923, plasserer foreldra henne på barneheim på Manhattan, medan dei sjølve reiser til Hollywood for å gjere karriere. Bestemora plukkar henne opp, og ho blir i løpet av kort tid flytta frå heim til heim, frå New York til Cuba til California og Hollywood.

Dei mange møta med framande menneske blir avbrotne av gjensyn med dei omsynslause, men også fortryllande foreldra. I dette portrettet om eit ungt liv i tilfeldig flyt, gir Paula Fox oss eit uforgløymeleg innblikk i kor mykje – og kor lite – eit barn treng for å overleve.

Romanen er omsett av Tove Bakke, og Brit Bildøen har skrive forordet.

Samlaget ga ut Desperate personar av Fox i 2010 (også omsett av Tove Bakke), til strålande kritikkar.

Sagt om Lånt stas:

"Overveldande"
The Times

"Djupt sjokkerande"
Sunday Times

"Paula Fox er utvilsamt ein stor forfattar. Setningane hennar er små komprimerte mirakel, små romanar i seg sjølv."
Jonathan Franzen

"Imponerande"
New York Review of Books

"Originalt og elegant"
Chicago Tribune

"Fox er ein meisterleg forfattar, med eit talent for å trengje heilt inn i hjartet av komplekse kjensler og kompliserte situasjonar"
Sunday Telegraph

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO