Gå videre til innhold
Lansering: "Atlanterhavsflygaren Thor Solberg - ei røvarhistorie"

Pressemelding -

Lansering: "Atlanterhavsflygaren Thor Solberg - ei røvarhistorie"

Forfattar Dag H. Nestegard har skrive bok om sin barndomshelt, flypioneren Thor Solberg (1893-1967) frå Florø. Frå 1825 til 1925 reiste ein million nordmenn over havet til Amerika. I 1935 blei Thor Solberg den første som flaug tilbake. Sommaren 1935 flaug han som første nordmann eit spinkelt einmotorsfly frå USA til Noreg.

LANSERING PÅ TEKNISK MUSEUM 21. OG 22.9.: Nestegard held miniforedrag ved Solbergs fly kl 13 og 16 begge dagar.

Nestegard vaks opp med Solbergs historier om venen Roald Amundsen, stornazisten Herman Göring som ville gje han Jarnkorset etter kryssinga, og som han takka nei til, og historia om Solberg som under krigen fortalte president Roosevelt at ein tysk invasjon kunne kome over Grønland.

Forfattaren ville skrive om helten sin, men først måtte han dokumentere alt det Solberg sjølv fortalte norske journalistar på 1950- og 60-talet. Han sjekka difor med National Arhcives, Det kvite hus, kongressbiblioteket, flymusea på Grønland og Island, og ei heil rekke andre offentlege arkiv og bibliotek. Tredje gongen han kontakta Roosevelt Library i New York, fekk han eit irritert svart om at dei hadde gått gjennom alle dagbøker og protokollar fleire gonger. Dei fann ingen med namnet Thor Solberg.

Nestegard blei skuffa og stod lenge fast. Men så las forfattar Arnhild Skre gjennom råmanuset og påpeika det heilt openberre: Thor Solberg kom til Amerika det tiåret moderne marknadsføring slo gjennom for alvor. Derfor brukte han mange timar på å posere i fotostudioet til Knud Vang i
Brooklyn, i arbeidet med å bygge myten om seg sjølv. Thor Solberg var ein røvar, og så langt dreiv han mytebygginga, at artiklane både på Wikipedia og i Store norske leksikon inneheld faktiske feil. I dag står det ein statue av mannen framfor flyplassen i Florø, og gata ned til flyplassen heiter Thor
Solberg-vegen.

 Dag Nestegard (f.1968) er journalist og redaktør i Bok og Samfunn.

 

 

 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO