Gå videre til innhold
Foto: Tom Kolstad
Foto: Tom Kolstad

Pressemelding -

Lansering av band to av Jon Fosses storverk Septologien; "Eg er ein annan"

Septologien er Jon Fosses storverk i sju delar. Første band, Det andre namnet, kom ut i 2019 og er til no seld til 17 land. Boka vart nominert til den internasjonale Booker-prisen og hausta glitrande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt. No kjem det andre bandet, Eg er ein annan. Septologien III-V. Det tredje og siste bandet, Eit nytt namn, kjem ut hausten 2021.

I Eg er ein annan bur kunstmålaren Asle åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er venner og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.

Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for vennen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snølagde vegar.

I dette andre bandet av Septologien får vi glimt inn i den unge Asles liv. Det er famlande kyss, røyking og drikking, band og slåstkampar, ei masande mor og ein tolig far, hybel- og gymnasliv. Galleristen Beyer oppdagar den unge målaren då han stiller ut i heimbygda på Ungdomshuset. I gymnastida møter dei to Aslane kvarandre for første gong, begge byrjar på Kunsthøgskulen i Bjørgvin. I Bjørgvin møter Asle kjærleiken i Ales.

Jon Fosse (f. 1959) er rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Jon Fosse debuterte i 1983 med romanen Raudt, svart og gav seinare ut fleire romanar, diktsamlingar, barnebøker og essaysamlingar. Dramatikk skreiv han for første gong i 1993. Som dramatikar har han sidan midten av 90-åra opplevd eit internasjonalt gjennombrot utan sidestykke. I 2015 fekk han Nordisk råds litteraturpris for Trilogien. Dei seinare åra har namnet Jon Fosse stadig oftare blitt nemnt i samband med nobelprisen i litteratur. I 2011 blei han tildelt statens æresbustad Grotten i Oslo.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO