Gå videre til innhold
Lansering av boka "Skredet. Ein far, ei dotter og kampen for livet" av Bjørn Asle Nord

Pressemelding -

Lansering av boka "Skredet. Ein far, ei dotter og kampen for livet" av Bjørn Asle Nord

Lanseringsarrangement i Geilo Kulturkyrkje 19.3. kl 19. Meir om arrangementet her: https://bit.ly/3taCe9v

15. mars 2017 går det eit enormt snøras nær fjellet Gråskallen på Haugastøl. Eit tysk turfølgje på seks er på skitur i området i eit forrykande uvêr. 23 år gamle Adina Lange blir nedgraven i snømassane. Ho ligg fanga halvannan meter under snøen og kan berre røre eit par fingrar i eine votten.

I Skredet blir lesaren med på faren si desperate leiting etter dottera og Adinas kamp for livet, men også ein utruleg innsats frå både frivillige og profesjonelle som gjer alt for å redde livet til den unge kvinna.

Skredet
er ei dramatisk og rørande historie om ein kamp for livet i vill natur med frivillige heltar og dyktige hundar. Finst det noko betre i det norske samfunnet enn folk som stiller opp for andre, som brukar fritid og eigne pengar for å redde liv? Korleis gjekk det eigentleg med redningsoperasjonen på Haugastøl og alle dei seks skigåarane? Korleis blei livet etterpå - for far, turvener, hjelparar og ikkje minst for Adina?

Bjørn Asle Nord (f. 1968) er frå Nordfjordeid og bur i Bergen. Han arbeider i NRK med digitale klima- og naturforteljingar, men var i mange år journalist i Bergens Tidende. Nord er kjend for både journalistiske forteljingar og undersøkande journalistikk av svært høg kvalitet. I 2014 gav han ut boka Gi meg heller livet. Ein dokumentar om soldatveteranar i Norge saman med fotograf Håvard Bjelland.

Forfattarportrett: Eirik Brekke

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO