Gå videre til innhold
LANSERING AV "GUDS HUND" AV KRISTIN SØRSDAL

Pressemelding -

LANSERING AV "GUDS HUND" AV KRISTIN SØRSDAL

Kristin Sørsdal viste sterk originalitet alt i den kritikarroste debutboka Makabre bikkjer. No er ho klar med ny roman, Guds hund.

Lansering på Nobel Bopel,  i Bergen kl 1930 onsdag 20.9. Welhavens gt 64.

Guds hund er ein fleirstemd roman. Tidslaga flyt over i kvarandre, men det er framleis den same fredagen. Staden er eit forblåst stykke land, omringa av hav. Romanuniverset er sett saman av underlege, fascinerande og fråstøytane karakterar.

Ein nylærar set seg fast i lundegarna til ordføraren, og nykommarskamma avlar paranoide tankar. På ferja sit Fred Helmer. Han kjem heim i berre skjorta og utan sokkar i skorne, men i den mentale bagasjen har han fargerike kolibriar. Jenta i den gule jakka vender heim med lite anna enn smerte. Sansane opnar seg på vidt gap når ho går i land. Ei rift i verda gir endeleg næring til dei som drøymer om undergangen. Kven sa at det var lett å leve i opne landskap?

Kristin Sørsdal (f. 1966) er frå Tromøya utanfor Arendal og bur i Bergen. Ho debuterte med Makabre
bikkjer
. Guds hund er den andre boka hennar.

Frå mottakinga av Makabre bikkjer (2010):

«Sørsdal skriver stilig om sex. Den reisende er jaget av en sterk seksuell lyst som fører henne  (ham?) opp i mildt sagt kompliserte situasjoner. Hun er som en Patrick Bateman i  Ellis’ American Psycho. Uten Armani og ansiktsmasker, men med sovepose,  søppelsekker og brennevin. Makabre bikkjer er med andre ord ikke en roman for  svært sarte sjeler"

Linda Kaspersen,  Adresseavisa

 "… ein knallsterk roman, der verkemidla iblant er så sterke at du kjenner
kvalmen presse på. Roman greip, nesten brutalt, fatt i meg. Det skuldast også
språket, eit rytmisk, hamrande nynorsk med innslag av ufullstendige setningar,
lange og dvelande setningar, hissige passasjar – eg er imponert. Ein sterk,
lovande debut!»

Bjarne Tveiten,  Fedrelandsvennen

«Kristin Sørsdal debuterer med ‘Makabre bikkjer’, en til tider svært så
velskrevet tekst som løser opp grensene mellom realisme og mystikk. … Sørsdal
utmerker seg ellers gjennom et røft og poetisk språk. Blandingen av realistiske
og mytiske elementer er original og annerledes, og gjør ‘Makabre bikkjer’ til en
interessant debut.»

Gro Jørstad Nilsen,  Bergens Tidende


Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO