Gå videre til innhold
Foto: Agnete Brun
Foto: Agnete Brun

Pressemelding -

Lansering av Juleroser 2022 med Herborg Kråkevik som redaktør og bidrag frå m.a. Janove, Nina Lykke og Robert Stoltenberg

Juleroser kjem ut i si 8. utgåve 4. november. Herborg Kråkevik er redaktør og som før er heftet spekka av nyskrivne tekstar og klassisk og nylaga kunst. Janove har skrive årets Juleroser-song; Carnaby jul. Andre bidrgsytarar er m.a. Robert Stoltenberg, Nina Lykke, Anne Gunn Halvorsen, Mette Hellenes, Dag Solstad og fleire. Den fargerike biletveven «Kolyada» av den ukrainske kunstnaren Olha Pilyuhina prydar framsida.

Med relanseringa av Juleroser i 2015 tok Kråkevik opp ein tradisjon frå 1800-talet, fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta. I adventstida i år er ho også aktuell med Juleroser-turné saman med Nina Lykke og Julerosetrioen: Mathias Eick, Espen Berg og Johannes Eick.

Juleroser er eit illustrert, litterært julehefte med nyskrivne bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane i vår tid, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne.

Juleroser er eit samarbeid mellom Samlaget og Story House Egmont AS.

Meir informasjon på www.juleroser.no

Herborg Kråkevik (f. 1973) er ein av våre mest folkekjære artistar og ein engasjert kulturformidlar. Ho fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta da ho relanserte Juleroser i 2015. I haust er ho aktuell med nytt hefte og Juleroser-turné.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO