Gå videre til innhold
Foto: Marian Strand

Pressemelding -

Lansering av romanen "Du er bonde" av Kristin Auestad Danielsen

Kristin Auestad Danielsen er aktuell med romanen «Du er bonde», ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne landbruket.

«Du er ikkje fødd odelsjente», sa Simone de Beauvoir, «du blir det.» Men slik er det ikkje i Gjesdal kommune. Iallfall ikkje på 1990-talet. Tiåret då Noreg fekk ny konge, då Lady Diana døydde, og då det gjaldt å halde på jomfrudommen så lenge som mogleg utan å vere prippen.

To jenter overtar kvar sin gard, og det blir ein kamp om korleis ein skal drifte jorda. Mens den eine utviklar nye sauesortar og sprenger tunellar på alle kantar, synest den andre at det moderne landbruket har gått for langt - ho lanserer tanken om antidrift. Men dette skal vise seg å vere ein farleg idé med alvorlege konsekvensar ikkje berre for henne, men for heile Jæren.

K
ristin Auestad Danielsen (f. 1981) er forfattar og dramatikar. Ho debuterte med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer i 2005. Ho har fått oppført teaterstykke i Danmark og Noreg og skrive fleire kritikarroste diktsamlingar. I 2018 kom den første romanen hennar, Vår vesle. Teaterversjonen av Vår vesle blei sett opp på Det Norske Teatret hausten 2018. No om dagen er ho aktuell som dramatikar på Rogaland teater med framsyninga Soga om oss, om oljå i Stavanger. Du er bonde er hennar andre roman. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • portrett av Kristin Auestad Danielsen
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2000 x 3000, 1.19 MB
    Last ned
  • 9788234006791 Auestad Danielsen ferdig framside
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1583 x 2480, 1.38 MB
    Last ned