Gå videre til innhold

Pressemelding

Laura Djupvik aktuell med grøss og gru!

Selma og familien arvar eit gammalt hus. Men Selma tør ikkje vere der åleine. Ho høyrer merkelege lydar og uforklarlege ting skjer.

I treet i hagen kjenner Selma seg trygg. Ein dag kjem ei jente, Anna, opp frå dalen. Ho klatrar opp i treet til Selma.

Selma gler seg til å møte henne igjen. Men kven er denne Anna? Kva vil ho? Og kva løyndommar ber mor til Selma på?

Boka er del av GRØSS OG GRU – ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.

Boka har lanseringsdato 23.10.18

Laura Djupvik (f. 1970) er forlagsarbeidar, skribent og forfattar. Ho kjem frå Gurskøy på Sunnmøre, men bur no i Lier ved Drammen. Ho debuterte med romanen Båten er så liten i 2004. I 2008 fekk ho Guro Sandsdalens litteraturpris for barneboka Hundre appelsinar og ein fiolin. Djupvik kom med romanen Kvitt (Kolon forlag) i 2013.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.