Gå videre til innhold
Leif Høghaug ute med ny roman - ælt skrivi på rein hadelansk

Pressemelding -

Leif Høghaug ute med ny roman - ælt skrivi på rein hadelansk

Kælven er Leif Høghaug sin fyrste roman, og er skrive på klingande hadelandsk. I denne soga er Hadeland ein skuggeheim der skrømt, attergangarar, englar og robotliknande skapningar er like naturlege som dyr og menneske av kjøt og blod.

«Dei siste daga har je tenkt og tenkt på ei seinsåmmårsnatt je lenge prøvde å glømme.» Romanen sin forteljar sit i eit underjordisk kontorlandskap og spissar blyantar, makulerer papir og kokar kaffi til dei andre tilsette. Men innimellom det meiningslause arbeidet får han klort ned nokre namn og setningar, og han manar fram ei seinsommarnatt frå dei hadelandske 1980-åra. Forteljinga går i sirklar og kastar om på hendingar, tid og stad - ein er fanga i ein kvervelvind som frå Dantes Inferno.

Kælven er ei bondeforteljing, ein westernroman, eit draumkvad, eit eventyr, science fiction og ein svart komedie om vald, brotsverk, skuld og soning.

Leif Høghaug (f. 1974) debuterte med diktboka Fama i 2012. I 2017 kom hans andre diktbok, Kommunion 2017. Høghaug er også omsetjar og har mellom anna omsett bøker av Julian T. Brolaski og Marx og Engels’ Det kommunistiske partis manifest til norsk, og han arbeider for tida med ei komplett omsetjing av James Joyces Finnegans Wake. Kælven er hans første roman.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO