Gå videre til innhold

Pressemelding -

Linda Klakken aktuell med bok om den første store forelskinga!

Underhaldande og intenst om kjærleik

I den første barneboka til Linda Klakken møte me Klara. Ho synes at kjærleiken er noko drit. At faren Frode ikkje har nokon ny kjærast, er også eit problem. For å gjere noko med dette skriv Klara eit falskt kjærleiksbrev som ho legg i postkassene til dei einslege damene i nabolaget – og kjem opp i ei rekkje uventa og pinlege situasjonar. Men kven er ho sjølv forelska i? Det får ho først svaret på då det byrjar ei ny jente i klassen. 

Det er historia om den første store forelskinga, det er klassefest, kysseleikar og uuthaldeleg hjarteverk. At hovudpersonen tilfeldigvis forelskar seg i ei jente er Klakken oppteken av å ikkje gjere eit poeng ut av. 

- I det store og heile tenkjer eg at kjærleiken kjennest likt ut for alle, sjølv om han kjem i ulike formar og fasongar. Då må eg også skrive om forelskinga til Klara som den naturlegaste ting i verda. Eg trur dei som les boka fort skjøner at det ikkje spelar nokon rolle kven vi forelskar oss i. Klara forelska seg i Marie. To hjarter fann kvarandre, seier Klakken. 

Boka har lanseringsdato 24. august. 

Linda Klakken (f. 1979) er forfattar, skulebibliotekar og journalist. Ho er frå Ålesund og bur i Oslo.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

  • Dumme, dumme hjarte
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse, ingen bearbeidelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1991 x 3188, 226 KB
    Last ned
  • Linda Klakken
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse, ingen bearbeidelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5293 x 3529, 4.83 MB
    Last ned