Gå videre til innhold
Litterær stjerne Warsan Shire til Noreg

Pressemelding -

Litterær stjerne Warsan Shire til Noreg

Warsan Shire er i desse dagar aktuell med lyrikksamlinga Velsigne dottera oppdratt av ei stemme i hovudet, og besøker både Litteraturhuset i Oslo og Kapittelfestivalen i Stavanger neste veke.


Shire er ein kritikarrost og prisvinnande britisk poet. Ho er Beyoncés favoritt-poet, og ho figurerer på albumet «Lemonade» og i filmen «Black Is King». I 2014 var ho første poet som fekk tittelen Young Poet Laureate of London. Shire er fødd av somaliske foreldre i Kenya og oppvaksen i Storbritannia, og har sagt at ho nyttar si eiga erfaring som innvandrar, så vel som erfaringar frå familie og kjende i det ho skriv.

Dei to diktsamlingane hennar, Eg lærer mor mi å føde og Velsigne dottera oppdratt av ei stemme i hovudet, er begge gjendikta til norsk av Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen. Her utforskar ho tema som oppvekst, mødrer og døtrer, svart identitet, migrasjon, familie og tru gjennom eit stilsikkert språk, der både referansar til popkultur og ord og frasar på somali er fletta inn.

Shire er tilgjengeleg for intervju tysdag 20.9. i Oslo

Arrangement: 

Oslo: https://www.facebook.com/event...

Stavanger: https://www.linticket.no/page/...

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

  • Forfattarportrett Warsan Shire
    Forfattarportrett Warsan Shire
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2067 x 2730, 642 KB
    Last ned