Gå videre til innhold
Litterær superstjerne Ocean Vuong aktuell med ny bok på norsk og besøk i Oslo og på Lillehammer

Pressemelding -

Litterær superstjerne Ocean Vuong aktuell med ny bok på norsk og besøk i Oslo og på Lillehammer

Ocean Vuongs nye diktsamling Tida er ei mor kjem 19.5. Same helg kjem forfattaren til Noreg for å bli innlemma i Framtidsbiblioteket. Vuong skal også til Litteraturfestivalen på Lillehammer.

Vuong (f. 1988) er fødd i Vietnam og oppvaksen i USA. Han var den første i familien sin som lærte å lese. Han er poet, romanforfattar og essayist og har motteke ei rekkje prisar, mellom anna Whiting Award 2016 og T.S. Eliot Prize 2017.

Vuong har blitt omsett til ei rekkje språk og har tydeleg treft noko hos lesarar over heile verda. Natthimmel med kulehòl (Samlaget, 2019) og På jorda er vi glimtvis vakre (Pelikanen, 2019), handlar om oppveksten som skeiv, fattig, asiatisk-amerikansk og korleis vegen hans til å bli forfattar har vore. Ocean Vuong har ei eiga evne til å skildre det vanskelege og vonde med slåande skjønnheit og innsikt.

Meir om Tida er ei mor:

I si andre diktsamling leiter Ocean Vuong etter trøyst i det som er att etter mora døydde. Ein omsorgsperson han hadde ein kjærleg, men komplisert relasjon til.

Nedtyngd i ein sorgprosess utforskar Vuong det som har vore sentrale motiv sidan debuten hans: Det ein familie har å seie, og kostnaden av å vekse opp i Amerika som eit resultat av ein imperialistisk amerikansk krig. Men denne gongen går han òg enda tettare på det engelske språket, det han aldri fekk velje sjølv. Også denne relasjonen er komplisert og har sin pris.

Dikta til Vuong krinsar kompromisslaust, nakent og overgivande kring fragment av liv for å finne støtte, men òg ei meining i eige tilvære.

Tida er ei mor
er eit ømheits-testament i ei valdeleg tid.

Boka er gjendikta av Mathias R. Samuelsen.


Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter